Hordaland Bioenergi AS

Hordaland Bioenergi AS byggjer ut og sel fjernvarme på Vossevangen.
Nedanfor vil du finna prisar og tekniske detaljar.

Bestill fjernvarme

Skjema for å bestilla tilknytning og levering av fjernvarme.

Last ned

Leveringsvilkår

Les leveringsvilkår for fjernvarme her.

Last ned

Tekniske anvisningar

Dokument som viser tekniske anvisningar og krav for våre kundar.

Last ned

Med hjarta for skog

Hbio skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskapning.

hjarte

Om verksemda

om-hbio

Hordaland Bioenergi AS er eit selskap eigd av Voss Energi AS.

Hordaland har store skogsressursar og selskapet skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskaping gjennom auka hogst og inntening for lokale skogeigarar.

Selskapet skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar i samband med bygging og drift av varmesentralar, samt produksjon og levering av kvalitetsflis. Selskapet har forretningskontor i Voss kommune.

Naturleg kretsløp

kretslop

Selskapet legg til grunn at lokal produksjon av bioenergi er god samfunnsøkonomi gjennom energieffektivitet og positiv klimaeffekt. Hordaland Bioenergi legg fylgjande miljøpolitiske argument til grunn for verksemda:

Olje og gass bør fasast ut sidan dei bidreg til CO2 ubalanse i atmosfæren.
Redusert forbruk av elektrisitet i Noreg, reduserer produksjon av elektrisitet frå fossile kjelder i Europa.
Biologisk materiale som rotnar på rot slepp ut like mykje CO2 som ved forbrenning

Varme

varme

Vi tar hand om ditt føretak sitt energibehov og varmeanlegg. Du sparar pengar og gjer miljøet ei teneste.

Hordaland Bioenergi AS leverar ein behagelig, økonomisk og miljøvenleg varme til din eigendom. Vi tar hand om alt frå prosjektering, investering og kontakt med styresmakter, til drift, service og vedlikehald. Du betaler berre for den energien som vert brukt.

Kunden vil òg kunne eige varmesentralen sjølv, der vi tilbyr drift, service og vedlikehald.

Lokal verdiskapning

Hordaland Bioenergi skal bygge bio-varmeanlegg og produsere, distribuere og levere energi med basis i fornybart og CO2-nøytralt biologisk materiale. Transportavstandar av råmateriale og ferdig energi skal vera korte. Hordaland har store skogsressursar. Selskapet ynskjer å stimulere til lokal verdiskaping gjennom nye arbeidsplassar, auka hogst og inntening for lokale skogeigarar og betre omsetningsmogelegheiter for rydding av skog langs vegar, kraftlinjer og nye byggeprosjekt.

Samarbeide?

Hordaland Bioenergi ynskjer eit tett samarbeid med varmekundar og leverandørar av råstoff:

  • Hordaland Bioenergi tek seg av prosjektering og investering
  • Kunde betaler for levert energi til konkurransedyktig pris
  • Kunde bør ha opplegg for vassboren varme

Ta kontakt om det er noko du lurer på: post@hbio.no, mob: 926 01 227