Om verksemda

Hordaland Bioenergi AS er eit selskap eigd av Voss Energi AS og Indre Hordaland Miljøverk IKS.

Hordaland har store skogsressursar og selskapet skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskaping gjennom auka hogst og inntening for lokale skogeigarar.

Selskapet skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar i samband med bygging og drift av varmesentralar, samt produksjon og levering av kvalitetsflis. Selskapet har forretningskontor i Voss kommune.