Varme

Vi tar hand om ditt føretak sitt energibehov og varmeanlegg. Du sparer pengar og gjer miljøet ei teneste.

Hordaland Bioenergi AS leverar ein behagelig, økonomisk og miljøvennlig varme til din eigendom. Vi tar hand om alt frå prosjektering, myndigheitskontakt og investering til drift, service og vedlikehald. Du betaler berre for den energien som vert brukt.

Sjølv om vi ofte har olje eller elektrisitet som back-up, vert varmeproduksjonen i våre sentralar normalt dekka 90-95% med flis. Du sparer dermed miljøet, ettersom flis er ein miljøvenleg energiberar som korkje bidrar til drivhuseffekten eller forsuring. Enkelt! Økonomisk! Miljøvenleg!

I dei tilkopla eigedommane vert det montert varmevekslar og målar som måler den energien som vert forbrukt. Kvar enkelt abonnent betaler berre for forbrukt energi, og slepp alt ansvar for gamle kjelar, skorstein og annan infrastruktur.

Eit tradisjonelt nærvarmenett kan for eksempel forsyne din lokale skule, i tillegg til nærliggjande bustadblokk og eit utval einebustader.

Her er eit døme på ein av våre kundar som tilbyr flotte leilegheiter oppvarma med fornybar varme:
www.myrkdalen.no/eigedom/bygarden/

Referansar

Nærvarmeanlegg i Myrkdalen
Nærvarmeanlegg på Framnes